Eigil Lehmann’s Nekrolog av Kristian Magnus Vikse

Dødsfall

Eigil Lehmann døydde på Østtunheimen i Bergen lørdag 28. mars, 102 år gamal. Han  let etter seg eit stort vitskapeleg og litterært livsverk, og var aktiv med forskararbeid heilt til han var over 95 år.

Lehmann var presteson, fødd i Bergen i 1907. Han tok examen artium på Kristelig Gymnasium i Oslo,  studerte teologi ved Menighetsfakultetet og var yngste presten i landet, då han vart uteksaminert 22 år gamal. Som ung prest sette han seg på motorsykkelen og køyrde rundt i Europa, studerte vidare eit halvt år teologi i Sveits, og var ein tur til sjøs. Første prestestillinga var i Modum. I 1935 gifte han seg med lensmannsdattera Aslaug Ekanger frå Ostereidet, som han hadde møtt på gymnaset. Ho var då ferdig utdanna lege. Ho døydde i 1997.

I 1938 blei Lehmann sokneprest i Skjold.Dei blei verande her i 20 år, til han blei res. kap. i Birkeland i Fana. Seinare blei Lehmann sokneprest i Nordås i Fana, og der var han til han gjekk av med pensjon 1976.

I Skjold-tida var Lehmann aktiv på mange område. Dette var i tida for skulestriden i Skjold. Den stod mellom å sentralisera skular eller halda på dei små grendeskulane. Lehmann var for sentralisering, og mot stod både ordførar og lensmann. Det kan nok henda at gamlepresten i dag ville ha hatt eit litt anna syn på grendeskulane.

Ved sida av prestekallet var Eigil Lehmann vitskapsmann, språkforskar og diktar. Han gav ut fleire diktsamlingar og skreiv mange salmetekstar. Lehmann var særleg interessert i gresk og hebraisk språk, og i norrøne språk. Han laga både islandsk og færøyisk–norsk ordbok, og bibelordbok frå gresk til norsk og frå norsk til gresk. I 15 år på slutten av livet sitt arbeidde han med ei hebraisk-norsk bibelordbok.

Det som låg bak, var heile tida eit ynskje om sjølv å skjøna tekstane i Bibelen. Han skreiv sjølv eit «gamaldags» landsmål, og tykte brørne Gustav og Ragnvald Indrebø si bibelomsetjing frå 1938 var både den vakraste og rettaste. Men Lehmann var skeptisk til dei som tolka Bibelen bokstaveleg i eitt og alt. Kort sagt  kan ein seia om han, at han var konservativ i målspørsmål og liberal i teologi.  Han var heiderslagsmedlem Vestmannalaget og i Vestlandske Mållag, og ein av skiparane i Ivar Aasen-sambandet i 1965.  Han var og heidra med Den islandske Falkeorden.

I offentleg ordskifte kunne Lehmann vera kompromisslaus, men privat var han ein mildare mann. Og han var svært musikalsk, spela både klaver og fiolin og dirigerte kor. Han utarbeidde sitt eige notesystem som skulle gjera det lettare for kormedlemer å læra stemmene sine, og skreiv musikk, både til salmar og andre vers.

Aslaug og Eigil Lehmann fekk fem born, og fire lever att, saman med 11 barneborn, 26 oldeborn og eitt tippoldebarn.

Det er ein åndshovding som nå er gått bort, etter eit langt og grøderikt liv.

Kristian Magnus Vikse