Eigil Lehmann’s Nekrolog av Kristian Magnus Vikse

Dødsfall

Eigil Lehmann døydde på Østtunheimen i Bergen lørdag 28. mars, 102 år gamal. Han  let etter seg eit stort vitskapeleg og litterært livsverk, og var aktiv med forskararbeid heilt til han var over 95 år.

Lehmann var presteson, fødd i Bergen i 1907. Han tok examen artium på Kristelig Gymnasium i Oslo,  studerte teologi ved Menighetsfakultetet og var yngste presten i landet, då han vart uteksaminert 22 år gamal. Som ung prest sette han seg på motorsykkelen og køyrde rundt i Europa, studerte vidare eit halvt år teologi i Sveits, og var ein tur til sjøs. Første prestestillinga var i Modum. I 1935 gifte han seg med lensmannsdattera Aslaug Ekanger frå Ostereidet, som han hadde møtt på gymnaset. Ho var då ferdig utdanna lege. Ho døydde i 1997.

I 1938 blei Lehmann sokneprest i Skjold.Dei blei verande her i 20 år, til han blei res. kap. i Birkeland i Fana. Seinare blei Lehmann sokneprest i Nordås i Fana, og der var han til han gjekk av med pensjon 1976.

I Skjold-tida var Lehmann aktiv på mange område. Dette var i tida for skulestriden i Skjold. Den stod mellom å sentralisera skular eller halda på dei små grendeskulane. Lehmann var for sentralisering, og mot stod både ordførar og lensmann. Det kan nok henda at gamlepresten i dag ville ha hatt eit litt anna syn på grendeskulane.

Ved sida av prestekallet var Eigil Lehmann vitskapsmann, språkforskar og diktar. Han gav ut fleire diktsamlingar og skreiv mange salmetekstar. Lehmann var særleg interessert i gresk og hebraisk språk, og i norrøne språk. Han laga både islandsk og færøyisk–norsk ordbok, og bibelordbok frå gresk til norsk og frå norsk til gresk. I 15 år på slutten av livet sitt arbeidde han med ei hebraisk-norsk bibelordbok.

Det som låg bak, var heile tida eit ynskje om sjølv å skjøna tekstane i Bibelen. Han skreiv sjølv eit «gamaldags» landsmål, og tykte brørne Gustav og Ragnvald Indrebø si bibelomsetjing frå 1938 var både den vakraste og rettaste. Men Lehmann var skeptisk til dei som tolka Bibelen bokstaveleg i eitt og alt. Kort sagt  kan ein seia om han, at han var konservativ i målspørsmål og liberal i teologi.  Han var heiderslagsmedlem Vestmannalaget og i Vestlandske Mållag, og ein av skiparane i Ivar Aasen-sambandet i 1965.  Han var og heidra med Den islandske Falkeorden.

I offentleg ordskifte kunne Lehmann vera kompromisslaus, men privat var han ein mildare mann. Og han var svært musikalsk, spela både klaver og fiolin og dirigerte kor. Han utarbeidde sitt eige notesystem som skulle gjera det lettare for kormedlemer å læra stemmene sine, og skreiv musikk, både til salmar og andre vers.

Aslaug og Eigil Lehmann fekk fem born, og fire lever att, saman med 11 barneborn, 26 oldeborn og eitt tippoldebarn.

Det er ein åndshovding som nå er gått bort, etter eit langt og grøderikt liv.

Kristian Magnus Vikse

Oppslag fra Bibsys

Link til Bibsys
  • Dikt i utval, Eigil Lehmann, og Jarle Bondevik, 2007
  • Islendsk-norsk ordbok, Eigil Lehmann, og Þorsteinn Þ. Víglundsson, 1995
  • Ettirrakstur : dikt, Eigil Lehmann, 1990
  • Reise det som velt er : um norrøn målbygnad og målbunad, Eigil Lehmann, 1990
  • Ordbok for Det nye testamentet : nynorsk med tilvising til gresk grunntekst, Eigil Lehmann, 1988
  • Færøysk-norsk ordbok, Eigil Lehmann og Jóhan Hendrik W. Poulsen,1987
  • Kormaks saga / umsett av Eigil Lehmann ; med den gamalnorske teksti jamsides ; teikningar i tregravyre av Asbjørn Brekke, Eigil Lehmann, 1984
  • Atturljóm : kvedskap, Eigil Lehmann, 1983
  • Lilja i Dal, Eigil Lehmann, 1981
  • I eit anna ljos, Eigil Lehmann, 1977
  • Norsk-islendsk samtalebok : ein parlør , Eigil Lehmann, 1976
  • Norsk-islendsk samtalebok = Norsk-islensk samtalsorðabók : ein parlør, Eigil Lehmann, 1969
  • Islendsk-norsk ordbok, Eigil Lehmann, og Þorsteinn Þ. Víglundsson 1967
  • Vilja de lyda – : dikt, Eigil Lehmann 1967
  • Ordbok for Det nye testamentet, Eigil Lehmann, 1955
  • Rette det som rengt er : eit ord til dei som hev Noregs mål kjært, Eigil Lehmann, 1938
  • I denne er Eigil Lehmann listet under innhold.  Folkemål, landsmål, bibelmål : heidersskrift til Jarle Bondevik på 70-årsdagen 29. juni 2004, Bondevik, Jarle  og  Nes, Oddvar og Johannessen, Ole-Jørgen 2004

Eigil Lehmann

Eigil Lehmann, 1907 - 2009

Eigil Lehmann, 1907 – 2009

Eigil Lehmann var prest, forfatter, musiker, far, bestefar, oldefar og tippoldefar.

  • Født: 29. januar 1907
  • Død: 28. mars 2009
  • Bisettelsen var: 3. april 2009 på Ostereidet
  • Oldefar: Andreas Hansen
  • Bestefar: Engvald Bertram Hansen
  • Far: Henrik Lehmann Hansen
  • Mor: Alfhild Elise Foss
  • Oppvekst:
  • Utdannelse: Eigil Lehmann hadde embets eksamen i teologi 22 år gammel i 1929 og stod til Laud.
  • Arbeid: Han fikk en stilling blandt 22 søkere i Modum kirke som hjelpeprest der han startet 28. desember bare 7 dager etter at han ble ordinert. Han hadde posten sin i Modum kirke frem til 1937.
  • Familie: Han var gift med Aslaug Eikanger og de fikk 5 barn sammen 2 gutter og 3 jenter. Andreas Hansen var hans bestefar. Engvald Bertram Hansen var hans far.  Henrik Lehmann Hansen og Alfihld Elise Fossvar hans foreldre. Alfhild Elise Lehmann var en av hans døtre.
    Hansen var hans oldefar. Engvald Bertram Hansen var hans bestefar. Henrik Lehmann Hansen og Alfihld Elise Foss var hans foreldre. Alfhild Elise Lehmann var en av hans døtre. Melano Eigil på […]
    2 gutter og 3 jenter. Andreas Hansen var hans oldefar. Engvald Bertram Hansen var hans bestefar. Henrik Lehmann Hansen og Alfihld Elise Foss var hans foreldre. Alfhild Elise Lehmann var en av hans døtre. Eigil på […]
    Han var gift med Aslaug Eikanger og de fikk 5 barn sammen 2 gutter og 3 jenter. Andreas Hansen var hans oldefar. Engvald Bertram Hansen var hans bestefar. Henrik Lehmann Hansen og Alfihld […]
Melano

Eigil i Melano

Eigil - Motorsykkel

Eigil på Motorsykkel

Eigil Lehmann

Eigil i profil

  • Kilder:
  1. Private kilder
  2. Modum kirke Menighetsblad

En liten spire –

av Eigil Lehmann og siden gjendikta av en etterkommer.

En liten spire kom fra fremmed land
og satte røtter ved en steinet strand
Noen undret vel på hvem det var
som kom slik uten sti og fotefar:
Var det en tistel? rose? markjordbær?
en løvetann med egen fallskjermhær?
en symre? lilje? skvalderkål?
en revebjelles giftig røde jonsokbål?
– Så gikk det noen år, og sé:
Det var en orkidé.

Andreas Hansen

Andreas Hansen, 1816 - 1877

Andreas Hansen, 1816 - 1877

Andreas Hansen,

  • Født: 1816
  • Død: 1877

Grava hans er i Bergen, like under byporten mot Kalfaret.  Han var visst den første i familien som studerte, siste jobben hans var som sokneprest i Korskirken, Bergen. Han var oldefar til Eigil Lehmann og bestefar til Engvald Bertram Hansen. Hans far igjen ved bondeson frå Hordaland og slo seg fram med forretningar i Stavanger.